Fjordingen På Flo Skue

  • Autor: Vários
  • Narrador: Vários
  • Editor: Podcast
  • Duración: 144:42:03
  • Mas informaciones

Informações:

Sinopsis

Fjordingen er lokalavisa i indre Nordfjord. I denne podcasten tek journalist Roy Aron Myklebust med seg spennande personar frå lokalmiljøet til utkikspunktet Flo skue. Med utsikt over strynebygda, løftar vi blikket og pratar om laust og fast. Både det den aktuelle gjesten er kjent for, men like mykje for å avsløre sider som er mindre kjent.

Episodios

  • Reklame for Sport und Spas Julekalender

    28/11/2022 Duración: 01min

    Kvar dag fram til jul trekk Frank Hool, Thomas Thaule og Roy Aron B. Myklebust ut eit nytt lydklipp med ein tidlegare gjest, og utfordrar deg til å vere med og gjette kven personen er. Nokre hint på vegen vankar det også. Ei ny lyd-luke vert sendt på Radio Stryn kvar dag fram til julaftan. Den vert også lagt ut på Fjordingen si nettside, slik at du kan høyre den når det høver deg best. Vinnarar og svar blir også offentleggjort på nettsida.

  • 25. Vekas utvalde med Kristin Hatledal 23.11.2022

    23/11/2022 Duración: 38min

    Kristin Hatledal har lagt bak seg 10 år som biblioteksjef i Stryn. 39-åringen har ei lang akademisk utdanning bak seg, har gitt ut bok om motstandskvinner under krigen og kan også skilte med ei brukbar langrennskarriere som junior og ung senior. Ho trakterer dessutan hjullaster og gravemaskin!

  • 24. Vekas utvalde med Simon Hjelmeset Kirkeeide

    16/11/2022 Duración: 24min

    Simon Hjelmeset Kirkeeide er ein av våre unge, lokale skiskyttarar som skal ta opp arven etter Bø-brørne. Grunnlaget legg 22-åringen på Lillehammer, der han bur saman med andre hardtsatsande utøvarar frå Markane og Hardbagg.

  • 23. Vekas utvalde med Johann Sigurdsson

    09/11/2022 Duración: 51min

    For Johann Sigurdsson har ein stor del av livet handla om fotball, både som spelar, trenar og gjennom jobb. No er derimot strynedrakta og fotballen bytt ut med strikkegenser og troll, når han skal ta familiebedrifta i souvenir-bransjen vidare.

  • 22. Vekas utvalde med Heidi Holmlund

    02/11/2022 Duración: 51min

    Heidi Holmlund er ernæringsfysiolog som har samarbeidd tett med nokre av verdas beste langrennskvinner, der iblant Marit Bjørgen og Therese Johaug. Etter 16 år i Olympiatoppen har kvinna frå Narvik no innleia eit tett samarbeid med eigen mann, Svein Ørjasæter, i utviklinga av Stryn Aktivitetslodge.

  • 21. Vekas utvalde med Ketil Rasmussen 26. oktober 2022

    27/10/2022 Duración: 43min

    Bli betre kjent med musikaren frå Nordkapp som enda opp som kulturskulerektor i Stryn. Ketil Rasmussen har vore solist i SKRUK, opptredd på TV og turnert i utlandet.

  • Vekas utvalde med Stryn Fotball 100 år

    19/10/2022 Duración: 48min

    I denne sendinga set vi fokus på Stryn fotball som fyller 100 år, og har invitert Per Sætre, Harald Vartdal og Evy M. Rossetvik til studio. Dei sit i arbeidsgruppa for jubileet. Jostein Flo er med på telefon.

  • Vekas utvalde med Ole Bergesen 12. oktober

    13/10/2022 Duración: 41min

    Ole Bergesen er fitjarbuen som tok revynorge med storm i 1995, då han entra scena på Høylandet med Ferjedirigenten. Eit nummer som representerte noko heilt nytt, og som gjekk rett heim hos publikum. Sidan då har han hatt eit innhaldsrikt sceneliv og vore primus motor for sommarrevyen på Fitjar i 22 år. Bli betre kjent med humoristen og "strynevenen" frå Fitjar!

  • Vekas utvalde med Arne Sølvberg 5. oktober

    06/10/2022 Duración: 51min

    Denne veka blir vi litt betre kjende med folkemusikaren Arne M. Sølvberg frå Fjelli. Han har gjennom eit langt musikarliv lagt ned ein stor innsats for folkemusikk og folkedans, og har også motteke ei rekkje prisar og utmerkingar for sine prestasjonar. Like fullt har det aldri vore tema å legge vekk bondeyrket til fordel for musikkarrieren.

  • Vekas utvalde Siv-Carina Vikestad 28.september

    02/10/2022 Duración: 30min

    Siv-Carina Vikestad (38)driv gravferdsbyrået Fjordferd. Bli betre kjent med den unge kvinna frå Sør-Helgeland, og høyr om den noko utypiske jobben, livet som vestlending når ein er nordlending og om lidskapen for hestar.

  • Vekas utvalde med Bjørn Lødemel 21. september

    22/09/2022 Duración: 52min

    Bli betre kjent med den tidlegare ordføraren og stortingsrepresentanten frå Hornindal. 22. september er det 10 år sidan opninga av Kvivsvegen, ei hending Lødemel skildrar som eit høgdepunkt i den politiske karrieren.

  • Vekas utvalde med Kim Rune Flo 14. september

    14/09/2022 Duración: 38min

    Kim Rune Flo er ein rappkjefta Floar og Oktoberfest-kardinal. Men han er også ein reflektert pappa og bestefar.

  • Vekas utvalde Marita Lindvik 7. september 2022

    08/09/2022 Duración: 44min

    Bli betre kjent med ho som leiar Visit Nordfjord. For Marita Lindvik er det eit poeng at reisemålsutvikling også skal skape bulyst. Ho tykkjer dessutan at resultatkrav triggar meir enn det stressar.

  • Vekas utvalde med Sven Flo 31.august

    01/09/2022 Duración: 50min

    Tidlegare ordførar Sven Flo om nedtrapping i lokalpolitikken, draumen om bondeyrket, tida i Forsvaret og planar framover. Vi beklagar tidvis noko dårleg lyd!

  • Vekas utvalde med Sonja Øvre-Flo 24. august

    25/08/2022 Duración: 35min

    Sonja Øvre-Flo; Ordførarkandidat og nybakt bestemor. Bli betre kjent med servitøren frå Sunnmøre som har sikta seg inn på ordførarjobben i Stryn.

  • Vekas utvalde med Jørn Sønsterudbråten 17. august

    17/08/2022 Duración: 44min

    Jørn Sønsterudbråten er gjennom Fagre Stryn Aktivitetsselskap ansvarleg for organiseringa av Stryn sine to største arrangement; Motorfestivalen og Strynemessa. Bli betre kjent med den tidlegare tømraren og handballspelaren frå Oppsal.

  • Vekas Utvalde med Marit Fjell 10. august

    11/08/2022 Duración: 42min

    I denne sendinga har Roy Aron B. Myklebust teke turen ut av studio og besøkt Marit Fjell. Ho fylte nyleg 100 år, og i dette intervjuet fortel ho om eit liv ikkje fritt for dramatikk.

  • Vekas Utvalde med Roger Sevrin Bruland 3.august 2022

    04/08/2022 Duración: 01h22s

    Utvikar og NRK korrespondent, Roger Sevrin Bruland, er gjest i Vekas utvalde. Høyr han fortelje om rustekuse, vegen til korrespondentjobben og korleis det er å rapportere frå eit krigsområde.

  • "Vekas utvalde" med Mats Solheim

    02/07/2022 Duración: 56min

    Gjest denne gong er tidlegare fotballproff Mats Solheim (34) frå Loen. Høyr om vegen fram til stjernestatus i svensk toppfotball.

  • Vekas utvalde med Ketil Finsås Hansen

    28/06/2022 Duración: 58min

    Onsdagane får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i Radio Stryn-studio av ein aktuell gjest. Denne gongen har bygdeutviklar, amatørskodespelar og sacco sekk-seljar Ketil Finsås Hansen teke turen innom.

página 3 de 7