Sinopsis
Fjordingen er lokalavisa i indre Nordfjord. I denne podcasten tek journalist Roy Aron Myklebust med seg spennande personar frå lokalmiljøet til utkikspunktet Flo skue. Med utsikt over strynebygda, løftar vi blikket og pratar om laust og fast. Både det den aktuelle gjesten er kjent for, men like mykje for å avsløre sider som er mindre kjent.
Episodios
-
Jabbing om jobb #13 Sjømann Kåre Tonning
01/10/2025 Duración: 23minKåre Tonning har alltid vore fascinert av sjøfart, og i ein alder av 51 år fekk han seg jobb som kokk og lettmatros på ein brønnbåt.
-
Jabbing om jobb #12 Barnevernsleiar Rita Stølen Veamyhr
23/09/2025 Duración: 31minBli betre kjent med leiaren for barnevernstenesta i Stryn. 23 år i jobben og klar for nye!
-
#67 Sport und Spaß 17.september 2025 -Jostein Flo
18/09/2025 Duración: 01h04minHovudgjest i sendinga er Jostein Flo. 61-åringen takkar for seg etter 29 år i Strømsgodset, der han har vore både spelar, marknadssjef, dagleg leiar og ikkje minst sportssjef. Vi har også besøk i studio av Marie Haugen og Oddny Grete Njøten som oppdaterer oss på ståda i seniorhandballen i Stryn T&IL.
-
Jabbing om jobb #11 Odd Kåre Hjelmeland
10/09/2025 Duración: 36minBli betre kjent med Odd Kåre Hjelmeland som har drive gravferdsbyrå sidan han var 21 år gammal.
-
#66 Sport und Spaß 20. august 2025 -Jump in it!
21/08/2025 Duración: 54minFotballspelaren bak uttrykket "Jump in it" er med oss frå Nederland! Sondre Holmlund Ørjasæter vart nyleg selt til Twente og vi sjekker ut status for det nye profftilværet. Vi har også besøk i studio av far og son Krossen, som mimrer tilbake til Norway Cup og Ekebergsletta, der G14 bidrog med masse flott fotball og spennande dagar.
-
Jabbing om jobb #10 Christer Lunde Solberg
19/08/2025 Duración: 35minChrister Lunde Solberg er første gjest i sesong to av serien Jabbing om jobb. Han fortel om korleis han i godt vaksen alder måtte tenkje nytt og omskulere seg, då knea ikkje lenger tillet han å halde fram i jobben som omreisande seljar for Ricco Vero.
-
#65 Sport und Spaß: Stryn sine "Gutta på tur"
28/05/2025 Duración: 01h02minMannsterk sending der vi har besøk av Nils Petter Hauge, Terje Walaker, John Rasmus Sæbø og Hallvard Skrede. Ein kameratgjeng som møtes til turar kvar onsdag - og litt til. Vi får også innside-informasjon om "skjeggestuntet på Stryn stadion" av hovudpersonen sjølv, Frank Hool.
-
Gjesteprogram: Minner frå krigsåra
09/05/2025 Duración: 01h13minKåre Rake (90) og Egil Solheim (81) gir eit lite innblikk i krigsåra i indre Nordfjord. Rake var sjølv 5 år då krigen braut ut, og far til Solheim, Magnus Solheim, var fenrik og deltok i krigshandlingar i Valdres. I samtalen fortel dei om historier han delte; bombingar i Valdres, fangenskap og rollebytet då freden kom.
-
#64 Sport und Spaß: Bemer, bibel, Bø og litt Kirkeeide
20/02/2025 Duración: 54minEivind Skjerven er i studio og demonstrerer Bemer-matte. Klemet Bø er med på telefon frå VM i skiskyting i Lenzerheide og Sigbjørn Kirkeeide har det travelt med å både førebu NC på Ullsheim og følge med på dottera Maren i VM.
-
#63 Sport und Spaß, 22.januar 2025
23/01/2025 Duración: 01h03minNRK og TV2 kommentator Ole Kristian Stoltenberg er hovudgjest. Utanrikskorrespondent Inge Brynestad er med frå Anterselva og "Thor Gotaas" svingar innom.
-
Jabbing om jobb #9: Bonderebellen Silje Åsnes Skarstein
10/12/2024 Duración: 32minSilje Åsnes Skarstein skulle aldri bli bonde. I dag er ho ikkje berre bonde på fulltid, ho har også blitt bønder sitt talerøyr med engasjerande innlegg i sosiale media og i aviser. Bli betre kjent med den frittalande kvinna frå Fjaler som no er busett i Olden.
-
#62 Sport und Spaß 4.desember med Espen R. Nakstad
05/12/2024 Duración: 56minKveldens gjest er sjølvaste 71 grader Nord-vinnaren, Espen R. Nakstad! Norges tøffaste kjendis fortel om turen gjennom Stryn og Hornindal, forholdet til dei andre deltakarane og det å halde deltakinga skjult for kollegaer og vener. Han blir også utfordra på ei dialektoppgåve. I sendinga ringer vi også opp Månadens lyttar og det blir spalten "Ka i alje dage"?
-
Jabbing om jobb #8: Jan Fjellkårstad om verda som marknad
02/12/2024 Duración: 31minJan Fjellkårstad (45) frå Blakset er økonomidirektør i måløyverksemda Coast Seafood. Dei omset fisk og sjømat for milliardar og har store deler av verda som marknad.
-
Jabbing om jobb #7: Landsbylegen Marius Solbakken
17/11/2024 Duración: 33minI den 7. episoden kan du bli betre kjent med Marius Solbakken. Austlendingen som kunne tenkt seg å bli snikkar, men som enda opp som kommuneoverlege i Stryn.
-
Jabbing om jobb #6: Petter Arnt Løvdahl - 74 åring med pensjonistangst
13/11/2024 Duración: 25minPetter Arnt Løvdahl har alltid hatt mange jern i elden, og har sjeldan nøya seg med berre ein jobb om gongen. Vaktmeister, lærar, PPT-konsulent, bussjåfør og fjellførar er berre noko av det den allsidige 74-åringen har sysla med.
-
#61 Sport und Spaß 6. november 2024
06/11/2024 Duración: 54minStortingspolitikar og storspringar Alfred Bjørlo og skiskyttar Simon Hjelmeset Kirkeeide er gjester i dagens sending. Og vi ringer opp "Månadens abonnent", Andre Flo.
-
Gjesteserie: Jabbing om jobb #5: Dama med samfunnsplanen - Oline Horten
29/10/2024 Duración: 23minOline Horten er ei ung oslokvinne som enda opp som prosjektleiar for Stryn kommune sin samfunnsplan. Høyr korleis året i Stryn har vore og kva tankar ho gjer seg om livet i ein liten vestlandskommune.
-
Gjesteserie: Jabbing om jobb #4 Mariann Rosa og scena som arbeidsplass
22/10/2024 Duración: 34minMariann Rosa, eller Thomassen som døypenamnet er, hadde stor suksess som vokalist og frontfigur i bandet Surferosa i perioden 2000-2009. I dag lev ho også av musikk, som DJ og med eige bookingbyrå for kvinnelege DJ-ar. I denne episoden kan du høyre korleis det er å ha scena som arbeidsplass.
-
#60 Sport und Spas 9.oktober 2024
10/10/2024 Duración: 01h02minSending nummer 60! Med oss i studio er energibomba Siri Linn Opsahl. Ho er treningsinstruktør, formann i idrettslaget, gründer og fritidskoordinator. Jon Terje Tjellaug gir siste status om Stryn fotball før dei to siste og avgjerande kampane i Kretsligaen, og vi får høyre om Randabygda sin nye landslagsspelar - i rugby!
-
Gjesteserie: Jabbing om jobb #3: Supersjef Tom Øyvind Solheim
09/10/2024 Duración: 40minTom Øyvind Solheim er supersjef i Nordfjordkompaniet, som blant anna jobbar med rekruttering, lærlingar og bulyst i Nordfjord.