Nasjonalbiblioteket
Margreth Olin intervjuar Jean-Luc Marion
- Autor: Vários
- Narrador: Vários
- Editor: Podcast
- Duración: 1:19:49
- Mas informaciones
Informações:
Sinopsis
Skaping er for den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion uløyseleg knytt til Gud. I det nyskrivne Fosseforedraget Skaping har han undersøkt korleis kunsten og litteraturen blir til.Skapinga, som verda kjem frå, kan og må ikkje bli forstått ut frå noko som helst som høyrer til verda.For å snakke med Marion om kunsten og kvifor han er så viktig for oss, kjem filmskapar og forfattar Margreth Olin. I fleire av verka sine tematiserer Olin den store krafta som finst i naturen og mellom menneske, spørsmål som dei begge er opptekne av.Jean-Luc Marion (f. 1946) sit som ein av dei udøyelege i Académie française og er professor emeritus ved Sorbonne og universitetet i Chicago. Marion har gitt ut ei rekkje bøker, mellom anna God without Being (1982) og sist Revelation Comes From Elsewhere (2024), som mange omtalar som eit meisterverk.Margreth Olin (f. 1970) har gjort seg kjend gjennom filmar som Dei mjuke hendene (1998), Engelen (2009) og Fedrelandet (2023). Ho har teke imot ei rekkje prisar for fleire av filmane